Er NTNU sitt ansvar bevisst?

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Thu Nov 21 12:01:04 2002


Vetle Toreid wrote:
> 
> Ivar S. Ertesvåg skreiv fylgjande:
> > > > Det du evt. har høyrt treng ikkje vere rett.
> (...)
> > Det er også vanskeleg å seie kva som
> > er "vanleg" belastning. Skal ein tru det som kjem fram i media, er
> > 37 timar meir enn det vanlege i mange tilfelle.
> 
> Du nemner sjølv reknestykket som viser ei 48-timars belastning på
> siv.ing-studiet. Har du eit tilsvarande reknestykke frå "frie fag"? Så
> vidt eg har forstått ut frå debatten vil eit slikt reknestykke vise 37,5
> timar. 

Eg har ikkje noko reknestykke for frie fag, og kjenner ikkje til om 
det finst noko "normert" tidsbruk der. (Det ville eigentleg overraske
meg om det fanst slik normering på alle frie fag - det ville stride
mot ideen om _frie_ fag.)
Det eg tenkte på "som kjem fram i media" er undersøkingar om faktisk
tidsbruk. Eg tenkte også på (som sikkert mange kunne skrive mykje om) 
at det er skilnad på vekttal. Tidlegare AVH-studentar fortel meg at
med norsk eller historie grunnfag/mellomfag (10 vt/semester) kan ein 
drive med mykje utanom (politikk t.d.), medan 10 vt/semester i kjemi
eller matematikk (framleis AVH) ikkje gav særleg rom for slike
aktivitetar. Eg kjenner også fleire som har teke pdagogikk grunnfag
(20 vt) på eitt semester, attåt vanleg jobb; eller på eitt år på
kveldstid i tillegg til vanleg jobb. Innvendinga mot slik studering
er at ein ikkje har teke seg tid til refleksjon og modning.


>(Eg har ikkje klart å finne desse studieplanane på den lite
> oversiktlege veven til NTNU...)
> 
Dei er ikkje _så_  vanskelege å finne 
(ntnu > studier > praktisk informasjon)
http://www.ntnu.no/praktisk_studinfo/


> Kva som kjem fram i media, (samt timetalet mange har i arbeidslivet,
> belastninga på utanlandske studium, osb), meiner eg har mindre relevans i
> denne diskusjonen. Ein må vel til ein viss grad kunne stole på at
> studieplanane er rette.
> 
> Poenget til Jon er at belastninga på siv.ing-studiet er høgare enn på frie
> fag, noko som iflg studieplanane stemmer bra. Likevel meiner du det er
> grunn til å stille spørsmål ved dette. Kvifor?

Her trur eg det er misforståingar ute og går: Jon F. skreiv
||Gamle NTH hadde vel 48 belastningstimer i uken og jeg vet ikke
||> hvor man ligger i dag, men har hørt at vi fortsatt ligger over
"vanlig"
||> belastning.

Dette gav eg eit klart svar på. timetalet 48 ligg framleis fast, og
at det er innarbeidd i studieplanen. Så langt eg veit er det ingen 
diskusjon om dette (dvs. offisiell; kva studentar seier seg i mellom
er ei anna sak.)

Talet 48 gjev vel først og fremst ei forventning frå NTNU si side, både 
til at studentane jobbar så mykje, og at faglærarane legg opp faget 
deretter (til dømes med nok øvingsoppgåver).



> Meiner du kanskje at NTNU har klart å bereikne belastninga på
> siv.ing-studiet, men har bomma stygt når det gjeld frie fag?

Kva som burde vere stoda i frie fag har eg ikkje så mange meiningar
om. Men det å studere historie er noko heilt anna enn å studere 
fluiddynamikk (i den klassiske/tekniske varianten). Arbeidsinnsats 
eller belastning kan ikkje alltid målast på same måten. Folk på
frie fag vil heilt sikkert poengtere at det å studere er meir
enn å kunne få eit papir på eit eksamensresultat.



Ivar S. Ertesvåg