Er NTNU sitt ansvar bevisst?

Vetle Toreid toreid at stud.ntnu.no
Thu Nov 21 02:06:05 2002


Ivar S. Ertesvåg skreiv fylgjande:
> > > Det du evt. har høyrt treng ikkje vere rett.
(...)
> Det er også vanskeleg å seie kva som
> er "vanleg" belastning. Skal ein tru det som kjem fram i media, er
> 37 timar meir enn det vanlege i mange tilfelle.

Du nemner sjølv reknestykket som viser ei 48-timars belastning på
siv.ing-studiet. Har du eit tilsvarande reknestykke frå "frie fag"? Så
vidt eg har forstått ut frå debatten vil eit slikt reknestykke vise 37,5
timar. (Eg har ikkje klart å finne desse studieplanane på den lite
oversiktlege veven til NTNU...)

Kva som kjem fram i media, (samt timetalet mange har i arbeidslivet,
belastninga på utanlandske studium, osb), meiner eg har mindre relevans i
denne diskusjonen. Ein må vel til ein viss grad kunne stole på at
studieplanane er rette.

Poenget til Jon er at belastninga på siv.ing-studiet er høgare enn på frie
fag, noko som iflg studieplanane stemmer bra. Likevel meiner du det er
grunn til å stille spørsmål ved dette. Kvifor?
Meiner du kanskje at NTNU har klart å bereikne belastninga på
siv.ing-studiet, men har bomma stygt når det gjeld frie fag?

-Med atterhald om at studieplanane for frie fag er på 37,5 veketimar.
Vetle Toreid