Er NTNU sitt ansvar bevisst?
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Wed Nov 20 16:36:03 2002
Jon Fanebust:
>
> Dette med hvor mye tid som egentlig kreves for å gjennomføre et
> siving-studium er vel et "betent" tema i seg selv. Såvidt jeg vet skal 20 vt
> i året tilsvare en arbeidsbelastning som er å sammenligne med å jobbe 37,5
> timer i uken. Gamle NTH hadde vel 48 belastningstimer i uken og jeg vet ikke
> hvor man ligger i dag, men har hørt at vi fortsatt ligger over "vanlig"
> belastning.
Det du evt. har høyrt treng ikkje vere rett.
Dersom du ser etter i studieplanen, vil det for kvart fag
først stå noko slikt som 3F+2Ø+7S=2,5Vt eller 4F+4Ø+4S=2,5Vt
Summen av F, Ø og S er 12 for alle 2,5Vt-fag. Det er så mange timar
NTNU reknar med at ein student jobbar pr veke med kvart av dei fire
faga kvar av dei 14 vekene semesteret varer.
Dette opplegget har du gått med på når du studerer her.
Veit du om nokon som har protestert mot at det skal vere slik?
(det er vel eit minimum for å kalle spørsmålet "betent").
Det ville neppe vore annleis om du studerte ved KTH (Stockholm),
DTU (Danmark), RWHT (Achen), osv.
Om ein student ikkje brukar 14*12 timar +eksamenslesing på eit
fag, er det først og fremst (men ikkje nødvendigvis berre)
hans/hennar sak. Men då bør han/ho kanskje ikkje klage over at
det er vanskeleg å rekke over alt, eller om resultatet ikkje vart
i den øvste delen av karakterskalaen.
Ivar S. Ertesvåg