Er NTNU sitt ansvar bevisst?

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200245 at pvv.ntnu.no
Fri Nov 15 17:41:04 2002


I artikkel <ar2lhg$mbl$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Joakim von Brandis <joakim@vonbrandis.net>:

> Men sikkert er det at i denne diskusjonen blir opphavsrett et vikarierende
> motiv for hva faglærerene egentlig ønsker: å hindre studentene i å ha
> løsningsforslag tilgjengelig når de løser oppgaver.
> Å hevde at debatten her handler om noe annet, blir rett og slett for dumt.

For min del er dette i alle fall på trynet å verta skulda for. Eg har
brukt å laga både oppgåver og løysingsframlegg sjølv, og har berre
unntaksvis brukt gamle eksamensoppgåver. Soleis har eg prøvt å laga
oppgåver som har vore tilpassa undervisningsopplegget mitt elles,
oppdatert på pensum. Eg har gjerne gått gjennom løysingsframlegga i
plenum, og helst i form av dialog.

Grunnen til at eg ville ha reagert mot det om nokon hadde lagt ut
delar av undervisningsopplegget mitt offentleg, er same grunnen som eg har 
til ikkje å leggja ut førelesingsmanuskripta mine fritt tilgjengeleg: Eg 
legg til vanleg ein del arbeid i førelesingane og hjelpemateriellet, og 
materialet mitt kan eg potensielt bruka i noko som eg ein gong i tida kan 
finna på å gjeva ut, om eg fær tid og ikkje minst ein jobb som tillèt meg 
å gjera noko slikt.

(Annleis er det med publiserte ariklar og slikt, dei legg eg gjerne ut på
heimesida mi.)

Jardar