Er NTNU sitt ansvar bevisst?
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news_200245 at pvv.ntnu.no
Fri Nov 15 09:46:04 2002
I artikkel <3DD49314.57F0A4A6@menneske.org>
skreiv Svein-Magnus Sørensen (Telcontar) <jeg.er.et@menneske.org>:
> Dersom du underviser fag burde du ta denne diskusjonen til etterretning
> og få trykket opp oppgaver+løsningsforslag i et kompendium til neste
> semester. Så slipper du problemet med ulovlige websider som deler ut det
> materialet du krever opphavsrett til.
Det faget eg til tider har undervist i, har so få studentar at det ikkje
er naudsynt. Eg gjev heller studentane individuell rettleiing på kontoret
mitt, og svarer på spørsmål dersom dei hukar tak i meg når eg gjeng forbi
kollokvia deira.
Det faget eg til andre tider har undervist i, har allereie slike
oppgåvesamlingar tilgjengelege på Tapir. (Eller hadde det i alle fall sist
eg underviste i det, eg har ikkje sjekka stoda i det siste.)
I alle fall har eg som faglærar lagt merke til at det som ofte utgjer
skilnaden mellom stå og stryk, er om dei har vore på førelesingane eller
ikkje. Det er sjølvsagt mogeleg at dette er eit fagavhengig fenomen, og eg
tykkjer at ulike fag difor må tilretteleggjast på dei måtane som er best
for det faget. For min del har eg i samsvar med dette nekta å undervisa
kl. 08.15, eit klokkeslett som eg heller ikkje er kompatibel med
personleg, forresten.
Jardar