Er NTNU sitt ansvar bevisst?

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200245 at pvv.ntnu.no
Fri Nov 15 00:56:03 2002


I artikkel <ar11ep$3lg$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Roger Eivind Stenbro <stenbro@stud.ntnu.no>:

> det forventes tydeligvis at vi studenter skal skjønne hva som helst ved
> første forsøk, helst allerede under forelesning. Jeg mener, 2 timer som
> tilmålt tid på de j**** matte-øvingene?? Det burde vært ganget med 10.

Ja, det er generelt sett av altfor lite pengar til undervisning, vil eg 
seia. Klag til politikarane, det er dei som har bestemt at det skal vera 
slik.

> Uten hjelpen et "litt tidlig" løsningsforslag kan gi, må vi jo sitte
> døgnet rundt for å innfri alles krav til oss.

Ja, so etterlys slike opplegg frå _universitetet_, då.

Til opplysning finst det fag der ein kan kjøpa oppgåvesamlingar med 
løysingsframlegg. Korleis det er med ditt fag, veit eg ikkje, men du kan 
jo etterlysa det, og gjera trongen for det synleg, i staden for å sutra 
over at folk bryr seg med det når nokon tek lova i eigne hender.

> Også har vi tydeligvis en mr. professor etellerannet nutcase Jardar her
> som er flink til å skrive veldig lite med veldig mange ord.

Takk for at du held eit høgt og sakleg nivå, det lover godt for deg og
dine, men eg er faktisk ikkje professor, og eg motset meg å verta omtala
med engelsk tittel, for so jålete er eg ikkje.

> Så du dro en
> slags analogi mellom løsningsforslag og utgivelse av CD'er her --- lavt! I
> tillegg maser du om "opphavsrett" til øvingene du muligens lager i et
> eller annet, men hvem faen bryr seg om slikt!? Skal du holde på med jus,
> så flytt til oslo. 

Greitt det, eg kan koma og bryta lova ved å slå deg til blods eller noko. 
Eg bryr meg ikkje om korleis du ser ut etterpå. Men vil du trekkja jus inn 
i det, so flytt til Oslo. Ja, for det er lovlause me vil vera, ikkje sant? 
Det er jo ingen som bryr seg om det likevel.[*]

Folk har forbrote seg mot opphavsretten min tidlegare (i ikkje-faglege
samanhengar), og eg kan lova deg at eg ikkje liker det. Når eg ser det
påfallande refleksjonsnivået til dagens studentar v/ deg, sender eg ein
tanke til Gudmund Hernes og reformene hans på 90-talet.

> Vi studenter er her for å LÆRE.

Ja, so lær, då. Men gjer det på lovlege måtar. Ein tradisjonell, lovleg
måte er t.d. kollokvium. Og som sagt: Om dei rette folka kan få ut
fingeren, og laga hefte eller kompendium med oppgåver og løysingsframlegg,
so ville det vera bra. Men i mangel av slikt er det nokso nyskapande og
reflektert av deg å gå rundt og etterlysa ulovlege metodar i staden for å
etterlysa lovlege metodar.

> Det blir jævla vanskelig hvis dere som faktisk tjener til livets opphold
> skal sitte å boikotte måten mange studenter gjør ting på -- jmf. koking.no

Ja, det er vanskeleg med sånne som tener til livets opphald, og som
likevel tek det ille opp når uvedkomande tek seg til rette med slikt dei
ikkje har lov til å taka seg til rette med.

Jardar

* Ironi kan vera vanskeleg for folk som held eit so høgverdig,
  djupttenkjande og reflektert nivå som herr Roger Eivind Stenbo. Difor 
  denne noten for å peika på at avsnittet var ironisk meint, og at eg 
  ikkje har tenkt å taka livet av Stenbro med øks. Ironi finn ein ogso 
  andre stader i teksten, men utan at det er indikert i denne noten, og 
  ogso utan at det er indikert om noten i seg sjølv er ironisk. Eventuelle 
  medlemmer av Generasjon «Få Servert» vil same kva ikkje skjøna 
  skilnaden, men vil krevja å få svaret servert via uvedkomande omvegar.