koking.no
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news_200245 at pvv.ntnu.no
Thu Nov 14 14:06:03 2002
I artikkel <ar05j9$hcp$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Torbjørn Aass <torbjoaa@stud.ntnu.no>:
> > Dersom nokon deler gratis ut noko som eg har brukt tid på å laga, so vil
> > eg sjølvsagt ha betalt for det, sjølv om utdelaren ikkje tener noko.
>
> > Jardar
>
> NEI Jardar!
>
> Fordi det er JOBBEN DIN å undervise og å utarbeide TILFREDSSTILLENDE
> øvingsopplegg!
Om eg lagar undervisningsmateriell, so er det framleis eg som har
opphavsretten til det. Om eg lagar undervisningsmateriell, so tyder ikkje
det at uvedkomande kan leggja det ut gratis og offentleg tilgjengeleg. Min
jobb når eg underviser, gjeng ikkje ut på å laga materiell som folk kan
skalta og valta med som dei vil. Det materiellet som eg lagar, har eg
sjølv råderett over, sjølv om eg deler det ut gratis til studentane i
auditoriet. Mellom anna har eg slik råderett over det at eg kan gjeva ut
ei bok med oppgåver og løysingsframlegg. Andre har ikkje slik råderett
over det, ikkje eingong om dei skulle gjera boka gratis.
> Løsningsforslaget inngår her som for meg det viktigste hjelpemiddelet jeg
> har i MIN studiesituasjon og på den måten JEG leser på og faktisk lærer!
Oppgåver med løysingsframlegg kan vera ein glimrande måte å læra på, det
er difor eg har laga slikt materiell no og då. Men den dagen nokon utan
mitt samtykke redigerer og publiserer det undervisningsopplegget som eg
har brukt tid på å laga, so vil eg krevja kompensasjon for tapt inntekt
frå planlagde oppgåvesamlingar.
Jardar