Kritik der reinen Studium

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200249 at pvv.ntnu.no
Tue Dec 10 15:56:04 2002


I artikkel <at4msv$nki$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Kjersti Wæhre <wahre@stud.ntnu.no>:

> Synd at denne diskusjonen er så gammel. Til oplysning: Det er INGEN fag på
> Dragvoll der 2.5 er blitt til en A. A-en er konvertert: 1.0-2.2: Det er
> stor forskjell................................. 2.5-2.2 er B

Her er eit innlegg eg skreiv ein gong:

   Karakterskala

For nokre år sidan var eg vitne til ei storhending. Ein hovudfagskandidat
i nordisk heldt ei eksamensførelesing som var so forrykande godt
strukturert, so nyskapande, so djuptpløyande, og likevel so pedagogisk,
underhaldande og lettforståeleg at eg framleis omtrent er skjelven i knea.
Kandidaten fekk den sjeldsynte karakteren 1,5 på førelesinga si.

No skal me få nytt karaktersystem. For faga på vårt fakultet vil bokstaven
A strekkja seg frå 1,0 til 2,2. Frå 2,3 til 2,5 skal karakteren no heita
B.

For fag som tradisjonelt skil skarpt på tidelane mellom 1,5 og 2,0, er
ikkje dette spesielt hyggjeleg. Med eitt skal prestasjonar av præ
ceteris-typen, som den nemnde eksamensførelesinga, få same karakteren som
ein middels laud på 2,2. Det ville sjølvsagt vera ein skandale å
gjeva 2,2 til ein 1,5-kandidat, eller 1,5 til ein 2,2-kandidat, men denne
skandalen vert usynleg når dei unyanserte bokstavkarakterane legg seg oppå
og dekkjer til.

Ny karakterskala skal me ha, men me skal framleis kunna rekna ut
snittkarakterar. Lat oss no tenkja oss at ein kandidat tek eit fag med to
eksamenar, og presterer karakterane 2,2 og 2,5 på dei. Om eksamenane er
like store, vil snittkarakteren i dag, med éin desimal, verta 2,4.

Slik vert det ikkje med det nye karaktersystemet. Ved utrekning av samla
karakter skal A telja 5 poeng, B = 4, C = 3 osb. So legg ein saman desse
tala, dividerer i tråd med vektinga av eksamenane, rundar av til næraste
heile tal, og konverterer tilbake til bokstavkarakter.

Den kandidaten som presterer tilsvarande 2,2 og 2,5, vil då få ein
spanande samla karakter: 2,2 svarar til A, og 2,5 svarar til B.
Snittverdien av A og B er (5+4)/2 = 4,5, avrunda til 5. Dette vert
konvertert tilbake til bokstavkarakteren A.

I praksis har då A-grensa vorte flytt ned frå 2,2 til 2,4, og ein svak
laud vil vera like mykje verd som ein forrykande præ ceteris.

No skjelv eg verkeleg i knea.

Jardar